Skule på Madagaskar for 1.-5. klasse

Skulen Kely Mandresy vart starta i eit svært fattig område i nærleiken av byen Manakara i 2010, etter at nokre engasjerte damer såg at ungane i dette området ikkje klarte nytte tilbodet frå den offentlege skulen. Denne barneskulen er finansiert med gåver frå Norge. 

I 2010 starta Anne Marie Reimers og Pako opp ein barneskule ved byen Manakara på austsida av Madagaskar. Anne Marie hadde vore lenge på Madagaskar som misjonær, og kjente godt til folk og kultur. Pako er frå området, og har arbeidd som hushjelp for mange nordmenn. 

Desse damene hadde lagt merke til at i Tsararano, i utkanten av byen Manakara, var det mange barn som ikkje gjekk på skule. Folka i dette område var svært fattige, og dei hadde både lite mat og pengar. Det kunne vere grunnen til at dei ikkje sende ungane på skulen. Pako hadde funne ei tomt i landsbyen Tsararano, som var til salgs, og denne vart kjøpt til skuledrift. Pako tok då på seg ansvaret for å driva skulen og Anne Marie Reimers tok ansvaret med å skaffe pengar til drifta. Pako kjøpte inn byggematerialer og fann flinke snekkarar, så det første skulehuset kom opp nokså raskt. Seinare har det kome til 2 andre skulebygg, kontor og kjøkken.

Det dei sette i gong, var ein barnehage frå 3-års alder og grunnskule for 1.-5. klasse. Det er berre 5 års grunnskule på Madagaskar. Sidan det vart ein grunnskule med born frå 3 år til 10-11 år, så fekk skulen namnet "Kely Mandresy"(Den vesle sigerherren). Dei starta i det små, men tilstrøyminga av ungar auka raskt, og rundt 2014 hadde dei 300 elevar. 

Frå 2020 har elevtalet gradvis auka, og pr januar 2026 går der 345 elevar ved skulen. Der er no 12 tilsette ved skulen.

Etter 5. klasse går elevane opp til eksamen - CEPE. Dette er den same eksamen som andre elevar i offentleg skule på Madagaskar tek. Om eksamen blir bestått, kan elevane gå vidare på offentleg skule. Det er difor ein viktig eksamen som gir moglegheiter vidare.

Ved skulen "Kely Mandresy" får ungane opplæring etter same læreplan som offentleg skule på Madagaskar. Dei får i tillegg kristendomsundervisning. Det blir servert eit godt måltid mat i løpet av skuledagen. Skulen blir finansiert med innsamla midler frå Norge. Fram til nov 2019 har Anne Marie Reimers hatt arbeidet med å samle inn pengar - og sende kvar månad til Pako som vidarefordeler pengane til løn og mat. Frå 2019 har arbeidet til Anne Marie blitt vidareført gjennom ei stifting "Stiftinga Kely Mandresy".