Historien

Da Anne Marie Reimers og Pako gjekk ute i ein fattig utkant av byen Manakara på Madagaskars østkyst, traff dei på en flokk med born som ikkje var på skulen midt på dagen. Dette klarte dei ikkje å sjå på uten å prøve å få gjort noko med det. Dei forsøkte å få eit sammarbeid med den lokale offentlige skulen. Det viste seg å fungere dårlig, så dei to driftige damene bestemte seg for å starte opp ein privatskule der Anne Marie var i Norge å samla inn pengar til løn og mat til lærara og elever. Pako vart styrar på skulen med ansvar for at alt fungerte som det skal på ein skule.
I fleire år samla Anne Marie inn pengar som privatperson. 

I 2018 havna Anne Marie på sjukehus og alle rundt henne såg at dette var sårbart med tanke på stabil drift av skulen.
5. oktober 2019 vart det, etter ein del diskusjonar, oppretta ei stifting som skulle ta over arbeidet med å samle inn pengar til skulen.

Anne Marie var aktiv i dette arbeidet ei stund, men sviktande helse gjorde at ho klarte mindre. Enno i dag er ho ei imponerande dame som gjerne vil vere med til Madagaskar, trass i at dei rundt henne ikkje tenker at det er ein god ide.

Pako har vore styrar fram til april 2026. Då vert det oppretta eit skulestyre med 4 av dei tilsette på skulen. Dei står no ansvarlig for drifta av skulen og har tett kontakt med stiftinga i Norge.