Barneskulen Kely Mandresy

Velkomen til nettsida for Kely Mandresy. Her vil vi legge ut informasjon om barneskulen Kely Mandresy på Madagaskar. Her vil du også finne informasjon om stiftinga i Norge som støtter  skulen.

Alle tilsette og oss frå Norge
Alle tilsette og oss frå Norge
Skoleområdet med nokre av bygningane
Skoleområdet med nokre av bygningane
Livlige ungar som elsker kamera
Livlige ungar som elsker kamera

Besøk påske 2026

Eirene, Erlend, Frøydis og Svein frå styret frå Norge har vore på besøk til skulen påska 2026. Før besøket var det avklart at noverande styrar Pako ynskte å pensjonere seg. Nytt styre med ny rektor Marcellin var også valgt før me kom. Under besøket fekk me takka Pako for det gode arbeidet ho har gjort ved å etablere skulen og styre den sidan oppstart. Me har signert nødvendige avtaler for endringane, og organisasjonen i Norge har også inngått 99-årig leigeavtale for skule-eigedommen. Besøk i klasserom og møter med lærarar gir tydeleg inntrykk av trivsel og entusiasme - både hjå store og små. Me har stor tru på at skulen også framover vil bli godt drive - dei nye i skulestyret er seriøse og gode menneske og pedagoger. 

Neste steg

Fleire av bygningane ved skulen er i nokså dårleg stand. Neste ynskje for skulen no er å få erstatte dei enkle trebygningane med meir solide bygg. Før dette kan realiserast,trengs planlegging og prosjektering. På påsketuren i år var me innom Sennepsfrøskulen i Antsirabe på vegen til Manakara. Dette er ein skule som starta omlag som Kely Mandresy- og som gradvis har bygd ut både bygningsmasse og tilbod. Veldig inspirerande å sjå kva dei har fått til! Før me kan starte byggeprosjekt, trengs også større sponsormidlar.  Om nokon kjenner til aktuelle bedrifter eller andre som ynskjer sponse oss, er det veldig kjekt!  Ta i så fall kontakt på post@gullbraa.no

Nytt styre ved skulen

Frå 1. april vil det bli skifte i leiinga ved skulen på Madagaskar. Madam Pako som har styrt skulen sidan starten, vil no pensjonere seg. Leiinga framover vil bestå av rektor Marcellin saman med eit styre på totalt 4 personar. Saman vil desse ha ansvar for det pedagogiske tilbodet, økonomi-styring og rapportering. Under besøk frå stiftinga i Norge mars 26 har ei rekkje avtaler blitt signert og plan framover er lagt. Det blir spennande tider framover, og me har stor tru på desse dedikerte folka. 

Glimt frå besøk ved skulen mars 26

Nytt frå styret og årsrapport 2025

Fleire frå styret planlegg no ein inspirasjonstur til Madagaskar og skulen vår rundt påsketider. Målet med turen er å følgje opp arbeidet lokalt, møte elevar og lærarar, og hente nye innspel til vidare utvikling av prosjektet. Slike besøk gir oss verdifull innsikt og sikrar at støtta vår blir brukt på best mogleg måte. Årsrapporten for 2025 er no også klar, og du finn heile rapporten under menyvalet Årsrapportar på nettsida. Der kan du lese meir om resultat, økonomi og planar framover.

Kontakt

Hei, Velkommen til Stiftinga Kely Mandresy! Me er ei veldedig stifting som jobber for at born i Manakara skal få best mogleg forutsetning til å få seg ei utdanning, slik at dei på sikt kan forsørje seg og sin familie.

Stiftinga Kely Mandresy

Manakara, Madagaskar

(+47) 907 24 475

post@gullbraa.no